I sommar vil ein ikkje finne Pinup i isdiskane frå Diplom-Is. Foto: Frederik Ringnes/NTB/NPK.

Isklassikaren Pinup forsvinn som småis

Den tradisjonsrike pinneisen Pinup vil ikkje lenger bli å finne som småis i isdisken denne sommaren.

– Det er framleis mogleg for alle som har isen som sin favoritt, å kjøpe han i fleirpakning, seier direktør for strategi og kommunikasjon Mari Ellestad i Diplom-Is til Romerikes Blad.

Den tradisjonsrike pinneisen vart først lansert i 1950 og gjekk då under namnet Sjokoladepinne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Kræsj Green, Royal Trippel sjokolade og Smarties pop-up forsvinn frå marknaden.

– Det kan vere ulike grunnar til at vi fjernar produkt, til dømes endra behov i marknaden, generell etterspurnad eller for å gjere plass til nye produkt, seier Ellestad. (©NPK)