Iwan Thomson (t.h.) vil på vegner av Lala/Pushak presentere løysingar på utfordringar i Sandane sentrum. Birte Fossheim (i midten av biletet) er spent på å høyre kva løysingar fagteama har kome fram til.

Inviterer til nytt folkemøte

Gloppen kommune inviterer onsdag kveld til ope møte om utviklinga av Sandane sentrum.
– Her vil dei to fagteama Lala/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak presentere endelege forslag til løysingar, seier rådgjevar Birte Fossheim.



Kommunen gjennomfører for tida eit parallelloppdrag for å få skisser på korleis kommunesenteret kan utviklast i framtida. Skissene skal danne grunnlag for ein områdereguleringsplan som skal vere ferdig i løpet av året.

Ulike fokusområde

– Sidan 16. januar har dei to fagteama arbeidd med dette prosjektet. På midtvegsseminaret i februar fekk vi presentert situasjonsplanar og idéar. I etterkant av dette fekk Lala/Pushak i oppdrag å sjå nærare på aust-vest-retninga i sentrum, frå Firda vidaregåande skule og ned til fjordfronten. Dei skulle jobbe med kontakten mot elva og nettverket for sykling. Haugen/Zohar/Asplan Viak fekk i oppgåve å sjå nærare på nord-sør-retninga, bindingane mellom fjorden og sentrum, fjordlandsbyen og innhaldet i gatene, forklarer Birte Fossheim.

Under sluttseminaret 29. mars skal dei to teama presentere forslag som dei har pønska ut.

Les meir i papirutgåva måndag.