Karin Vårdal Myklebust etablerte bedrifta si i 1988 på Byrkjelo.I 2006 flytte ho alt til nybygd vevestove i tilknyting til bustadhuset i Myklebustdalen. No inviterer ho til julehandel.

Inviterer til julehandel i Myklebustdalen

Karin Vårdal Myklebust inviterer til julehandel i vevstova i Myklebustdalen denne helga og neste helg.

For 15 år sidan flytta ho arbeidet sitt heim til Jo-tunet i Myklebustdalen. Då tok ho med seg butikken sin som ho dreiv på Byrkjelo frå 1988.

20 år gamle prisar

Gjennom åra har det samla seg opp ei rekkje varer i hyller og reolar, skuffer og skåp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om du tek deg litt tid og leitar, kan det finnast mange godbitar til 20 år gamle prisar, smiler ho.

Ein kikk rundt i vevstova stadfester påstanden. Her er mykje flott.

Frå den tida ho leigde andre til å strikke, vart nye modellar og plagg i nye garntypar strikka slik at kundane kunne få sjå. Fleire slike heng framleis igjen i stativa.

Ull

Her er eit stort utval strikka vottar, luer og sokkar, både i maskinstrikk og handstrikk. Og frå dottera Siri er det ei rekkje strikka og tova produkt, både til pynt, men ikkje minst til nytte på kalde dagar. Som kjent varmar ingenting like godt som ull. Det har mange fått auga opp for etter kvart.

Og på eine langveggen i vevstova er hyllene fulle av både strikke- og vevgarn i stort utval.

– Denne helga, både laurdag og søndag, og den neste inviterer vi gamle og nye kundar velkomne til julehandel i Daleveien 957 inst i Myklebustdalen, seier Karin Vårdal Myklebust.