Dagleg leiar Tor Øyvind Aa (t.v.) mottok tysdag 5. oktober Vestlands internasjonaliseringspris Villsauen for 2020. Til høgre fylkesordførar Jon Askeland. I midten administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke. Foto: Marius Pettersen.

Internasjonaliseringspris til Brødrene Aa

Brødrene Aa mottok tysdag Vestlands internasjonaliseringspris Villsauen for 2020.

Det melder Bergen Næringsråd i ei pressemelding.

Båtbyggjarane i Hyen er leiande i utvikling av lettvekt, lågutslepp og utsleppsfrie hurtigbåtar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med 180 tilsette frå 12 ulike nasjonar og ein omsetnad på 403 millionar kroner, er verksemda ein hjørnestein i lokalsamfunnet. Dei har leiande industrikompetanse og representerer ein lang og stolt verftstradisjon i Vestland.

– Juryen er imponert over at verftet i Hyen kontinuerleg har brukt betydelege ressursar på utvikling og innovasjon, noko som har gjort dei leiande i segmentet sitt globalt. Dei siste åra har selskapet fått internasjonal merksemd for skipa «Vision of the Fjords», som er verdas første hybridskip i hydrokarbon, og «Future of the Fjords», som er heilelektrisk, heiter det i pressemeldinga.

Norsk verftsindustri opplever sterk internasjonal konkurranse, men juryen meiner at årets Villsau er eit svært godt døme på ei bedrift som har evne og vilje til å omstille seg til å vere konkurransedyktig.

Den internasjonale prisen Villsauen blir i år delt ut 18. gong, i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Bergen Næringsråd. Føremålet er å gje merksemd til innovative verksemder som etablerer seg i utanlandske marknader på permanent basis.

Årets jury har bestått av fylkesordførar Jon Askeland, Per Øyvind Sævartveit (Tizir Titanim, prisvinnar 2019), Nina Broch Mathisen (Innovasjon Norge), og Marit Warncke (Bergen Næringsråd).

Tidlegare vinnarar av Villsauen er:

2019: Tizir aluminimum & iron

2018: Dirtybit

Artikkelen held fram under annonsen.

2017: Servogear

2016: Vimond Media Solutions

2015: ItsLearning

2014: StormGeo

2013: ClampOn

2012: Solberg Scandinavian

2011: Fjord Tours

2010: Janus

Artikkelen held fram under annonsen.

2009: Aanderaa Instruments

2008: Wema Systems

2007: TTS Marine

2006: Lerøy Seafood Group

2005: Vizrt

2004: Framo Engineering

2003: Mecmar