Leiar: Ønskjer lokalpolitikarane eigentleg ein plan, spør fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal på bloggen sin, på heimesida til Fylkesmannen. Her er vi på grunnfjellet av den byråkratiske tenkjemåten. Etter å ha lese bloggen, kunne vi like gjerne ha spurt: Ønskjer eigentleg desse byråkratane lokalpolitikarar? No vil dei tydelegvis ta dei nyvalde lokalpolitikarane i skule, slik at dei ikkje valsar rundt og strør kring seg med desse forferdelege dispensasjonane sine.

Interessa for fjordhest på eit historisk lågmål

Leiar i Nordfjord Fjordhestlag, Olav Rune Seljeset, er svært uroa over situasjonen. Han kjenner ikkje bedekningstala på landsbasis, men veit godt kor mange gonger lagshingsten vart brukt i Nordfjord sist sesong.

– I Nordfjord var lagshingsten brukt på berre tre hopper. Han vart også brukt i Sunnfjord. Totalt kan det dreie seg om 8-9 bedekningar. Det er svært lite, seier Seljeset. Han peikar på at private hingstar i regionen og bruk av andre lagshingstar t.d. på Sunnmøre gjer talet høgare, men det endrar likevel ikkje på heilskapsinntrykket.

– Det finst svært få bedekningar, og det er uhyre vanskeleg å selje fjordhest. Situasjonen er skremmande, seier Seljeset. For 20-30 år sidan var situasjonen heilt annleis. Då kunne det vere 5-6 lagshingstar og 200 bedekningar berre i Nordfjord. No er det ikkje stort meir i heile landet.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.

Interessa for fjordhesten er på eit lågmål.