Innstilt som leiar i Vestland SV

Valnemda til SV i Hordaland og Sogn og Fjordane foreslår Hege Lothe frå Sandane som den fyrste leiaren i historia til Vestland SV.





Vestland
SV blir stifta 9. - 10. februar på Scandic Flesland. 





– Vestland SV har god medlemsauke og medvind i målingane. Det er difor spennande å få lov til å vere med på å utvikle to fylkeslag til ein slagkraftig og effektivt valkamporganisasjon fram mot fylkestings- og kommunevalet, seier Hege Lothe.





Hege
Lothe (46) er kommunestyrerepresentant i Gloppen for SV og er i dag direktevald
landsstyrerepresentant. Ho er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV. Ho
bur på Sandane og er tilsett som informasjons- og organisasjonskonsulent i
Noregs Mållag. 





SV
sa nei til samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland. 





- Vi
vann ikkje fram, så no er den viktigaste utfordringa å skape eit nytt storfylke
som er tenleg både for bygdene i distrikta og for byen i sentrum. Då trengst SV
for å lage miljøvennlege kollektive løysingar og ein solid politikk for
tenester og utvikling i heile fylket, seier Hege Lothe.





Valnemda
foreslår i tillegg Gina Barstad frå Bergen som politisk nestleiar og Akhtar
Chaudry frå Stord som organisatorisk nestleiar.