Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under ein pressekonferanse om koronasituasjonen 5. juli. Foto: Beate Oma Dahle/NTB/NPK.

Innreisereglane blir stramma inn for Kreta og USA

Folkehelseinstituttet (FHI) kom fredag med ei ny vurdering av smittenivået i Europa, som avgjer kva land som får innreisekarantene og ikkje.

Torsdag vart det kjent at den greske øya Kreta ikkje lenger er grøn på smittekartet til Det europeiske smittevernbyrået ECDC.

FHI gjer ei eiga vurdering av dei europeiske smittetala, og det er dermed ikkje gitt at FHI trekkjer dei same konklusjonane som ECDC.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag denne veka opna store delar av Europa opp for reiselystne nordmenn.

Ei rekkje europeiske land vart markerte som grøne, noko som betyr at fritt ein kan reise dit utan å tenkje på karantene.

(©NPK)