Kulturminister Abid Raja (V), helse- og omsorgs minister Bent Høie (H) og helsedirektør Bjørn Guldvog under pressekonferansen om koronasituasjonen og om den kommande 17. mai-feiringa torsdag. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Ingen nasjonale lettar før 17. mai

Dei nasjonale råda og reglane som gjeld i Noreg no, vil òg gjelde på 17. mai. Både talar, tog, leikar og festar blir ramma.

Kulturminister Abid Raja (V) sa på pressekonferansen på torsdag at under 17. mai-feiringa i fjor var det ingen som trudde at det ville vere restriksjonar under feiringa i år.

– No står vi her igjen for å seie at pandemien vil prege feiringa av nasjonaldagen vår òg i år, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare sa han at det ikkje ville komme nokon nasjonale lettar før nasjonaldagsfeiringa.

– Vi kan ikkje gleppe no. Derfor vil dei gjeldande nasjonale råda og reglane òg gjelde på 17. mai, sa Raja.

Maks 20 personar utandørs

Det inneber at ein kan ha besøk av fem gjester i private heimar og hytter. Viss alle gjestene tilhøyrer same husstand, kan det vere fleire, men ein må kunne halde avstand.

Utanfor private heimar kan ein på private samankomstar samlast maksimalt ti personar innandørs og 20 personar utandørs.

Kulturministeren fortalde òg at 17. mai-tog er omfatta av arrangementsreglane i covid-19-forskrifta.

– Dersom arrangement blir rådde mot eller er forbodne, gjeld det òg for 17. mai-tog, taler, leikar, kransenedleggingar og liknande.

Kreative planar

Han sa at dersom det er ein risiko for at barnetoga eller andre arrangement fører til at fleire menneske møtest, bør dei avlysast.

– Der det ikkje er lov til å halde arrangement, vil korps likevel kunne spele for innbyggjarane òg på uannonserte framføringar, såkalla pop-ups, slik at det ikkje samlar seg mange menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han la til at stader kan innføre lokale tiltak som er strengare.

– Eg har vore i dialog med fleire 17. mai-komitear over heile Noreg, og òg i år er det mange kreative planar som blir laga av iherdige komitéarbeidarar slik at feiringa lokalt blir best mogleg etter føresetnadene som er, seier Raja.

Høie rosa befolkninga

Helseminister Bent Høie (H) starta pressekonferansen til regjeringa med å rose befolkninga. Dei fleste følgjer smittevernreglane, sjølv om avstanden mellom folk i parkane vart litt kort då våren kom til Oslo førre veke.

– Vi ser igjen resultatet av innsatsen til folk, endå ein gong. Smitten går ned i Noreg, sa Høie.

Han viste til at koronakommisjonen gav befolkninga mykje av æra for at Noreg har handter pandemien betre enn mange andre land.

– Det gjer eg òg, sa Høie.

(©NPK)

Uranienborg skoles musikkorps hadde øving til 17. mai ute i skolegarden onsdag. Foto: Berit Roald/ NTB/NPK.