Ingen fleire er påvist smitta

Det er ikkje påvist nye personar med covid-19 i Stad kommune søndag.

– Det vart ikkje tatt prøver laurdag. Søndag er om lag 20 personar testa i Selje, og svar er venta måndag kveld, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Symptom på koronavirus kan vere:

• Sår hals

• Hoste

• Tett eller rennande nase

• Hovudverk

• Feber

• Influensafølelse eller sjukdomsfølelse

• Kroppsverk

Artikkelen held fram under annonsen.

• Tungpust

• Tap av smak- eller luktesans

Det blir tilrådd at også born med nyoppståtte symptom det siste døgnet blir testa.