GHK-damene opna med siger. Dette er tre viktige spelarar på årets lag, Heidi Merete Sægrov (f.v.), Irene Slagstad og Torill Henden Gaasø. Dei laga fem mål kvar.

Imponerte i sesongpremieren

GHK-damene imponerte med bra spel i både forsvar og angrep og vann den jamne kampen mot Sotra 2 29-25 søndag ettermiddag.

Damelaget til GHK presenterte seg med ein heilt annan og langt betre sesongstart enn i fjor. Det må tilskrivast at nøkkelspelarane er meir rutinerte, og at spelarstallen er større, men det er også tydeleg at trenar Daniel Jacobsen Dammyr har gjort ein god jobb på den korte tida han har hatt laget.

Jamt
Kampen mot Sotra 2, som også stilte med eit ungt lag, opna veldig jamt. Laga følgde kvarandre tett utover i omgangen, men tre minutt før pause scora GHK to kjappe mål. Like før fløyta gjekk, mislukkast gjestane, og GHK kontra inn mål nummer 15 og kunne ta pause med tre plussmål.

Det var alt i alt ein oppløftande omgang der GHK synte både vilje og evne. GHK fekk også ein god start på andre omgang. Etter kvarteret var leiinga auka til sju mål. Det skal målvakta ha sin del av æra for.
På slutten av kampen fekk fleire av dei yngte spelarane prøve seg på bana. Det svekka ikkje laget som fortent krusa inn til firemålssiger i årets første kamp.

Les meir om handballstarten i papirutgåva måndag.