Torsdag kom den gledelege meldinga om at borna i Vestre Hyen får halde fram med noverande skyssordning ut skuleåret.

Ikkje endring på skuleskyss no

Hovudutval for samferdsle vedtok i oktober å framskunde skuleruta frå Solheim med 20 minutt til klokka 08:00 med verknad frå første mai. Bussen skulle køyre via Eimhjellen til Hyen skule. Då blir det 55 minutt i skulebussen kvar veg, 40 minutt meir enn i dag.

Reaksjonar
Vedtaket hos fylkeskommunen har skapt reaksjonar både hos foreldre i Hyen, politikarar og kommuneadministrasjon. Dette på grunn av tidsaspektet, fordi den aktuelle vegstrekninga har dårleg standard, er rasutsett, og at det handlar om born ned til første klasse.

– Det er tilrådd maksimalt 45 minutt skuleskyss for første – fjerde klasse, men med høve til å gjere unntak. Etter mitt syn blir nesten ein time skuleskyss kvar veg, heilt i grenseland for kva vi tykkjer er greitt, sa konsulent i Gloppen kommune Arne Eikenes, då dette vart kjent.

Utsetjing
Torsdag opplyste ein glad Arne Eikenes at fylkeskommunen har snudd. Noverande ordning for denne skuleskyssen skal gjelde ut skuleåret, og ikkje til 1. mai som først tenkt. Dermed får både elevar og foreldre i alle fall ei utsetjing, og elevane slepp inn til vidare ein tur som tilsvarar strekninga Sandane-Ålhus.

I dag er det sju skuleborn på Solheim og åtte i Eimhjellen. Desse kan altså no sjå fram til å få behalde dagens ordning med skuleskyss ut dette skuleåret. Foreldra til dei aktuelle elevane sa då ordninga med ny skuleskyssordning vart kjend, at dei ville arbeide for at borna skulle gå på skule i Eikefjord.

Gledeleg
Ein som har arbeidd politisk med denne saka opp mot samferdsleutvalet er Leidulf Gloppestad, førstekandidat for Sp i Gloppen.

– Det er gledeleg at det, etter dei reaksjonane som har komme, i alle fall vert ei utsetjing, seier Gloppestad som ikkje har tenkt å lette på trykket mot utvalet framover.

Utvalet skal ha møte 12. mai, og Gloppestad minner om at utvalet har sagt at dei har lagt opp til mindre endringar, noko han meiner dette på ingen måte er.

– Er det håp om at dette blir permanent og ikkje berre ei utsetjing?

– Vi må i alle fall først ta det gledelege i at dette er utsett. Så må vi jobbe for å få inn sunn fornuft. Ein måte å gjere det på, kan vere å oppfordre utvalet til å setje seg i ein buss og køyre strekninga, det har dei tid til, avsluttar Gloppestad.