I helga kan du telje hagefuglane

Helga 28.-29. januar vert «Hagefugltellingen 2017» gjennomført i heile Norden. Det er Norsk Ornitologisk Forening (NOF) som er ansvarlege for teljinga her i landet, og alle kan delta. Det er ein fin fellesaktivitet for store og små i ei elles mørk og roleg årstid.

Det er tiande gongen NOF arrangerer hagefuglteljing, og vi håper som vanleg på stor deltaking. Vi venter rapportar frå om lag 7000 foringsplassar, og at rundt 15 000 personar i alle aldre er involverte. Det venta registrert 350 000 fuglar, fordelt på ei stort tal artar.

Målet med Hagefuglteljinga er å skape blest om fuglar og natur, med fugleforing som ein spanande og underhaldande aktivitet. Volumet på innrapporteringa er no så stor at ein etter kvart kan sjå trendar, og slik at danne seg eit bilete av utviklinga for våre vanlegaste vinterfuglartar.

Forventer klar framgong
Teljinga i fjor gav som venta ein sterk tilbakegong i talet på fuglar, etter som det var ein dårleg hekkesesong sommaren før. Særleg mellom meiseartane gjekk det tilbake. No har NOF håp om betre tal, sidan hekkesesongen 2016 var særs god med varmt ver og mykje larvar og insekt tilgjengeleg for å mate fugleungane.

Klimaendringer
Klimaet har gjennom ei årrekke gått i retning av mildare og meir snøfattige vintre her til lands. Naturen vert påvirka av dette og mellom einskilde fuglearter ser ein tydeleg endringar i utbreiing, medan andre artar, som normalt trekker ut av landet, i aukande grad vel å overvintre.

Går ein nokre tiår tilbake så hadde stillits og kjernebitar fuglar hovudutbreiing si rundt Oslofjorden. Dei seinare åra har begge desse artane dukka opp på nye stader og breier seg ut over landet både i vestleg og nordleg retning. Spettmeis og pilfink er andre arter som har vist stor framgang.

Svarttrost, raudstrupe, gjerdesmett og munk er artar der stordelen av bestanden trekker ut av landet på hausten, men stadig fleire prøver no å overvintre.

Regionale forskjellar
På landsbasis er det alltid kjøtmeis, blåmeis og skjære, i nemnde rekkefølgje, som er dei fugleartane med størst utbreiing. Kjøtmeisa var det flest av med 47 122 individ frå teljinga i fjor, etterfulgt av gråspurv, blåmeis, gulspurv, pilfink og grønfink.

Ser vi på den fylkesvise fordeling frå er det mange interessante forskjellar. Til dømes hadde Rogaland svarttrost og raudstrupe på høvesvis 90 prosent og 75 prosent av alle foringsplassar, medan Hedmark, med sitt kalde og snørike innlandsklima, var dei same berre innom 11 og 2 prosent av foringsplassane. Tala gjev ei mengde data, blant anna fylkesvise visningar, kart som viser utbreiing, trendar siden 2008, og einskildresultat frå foringsplassar.

Invasjonsarter
Einskilde år, når frøsettinga er dårlig i de store skogane i nordlege Russland, Finland og Sverige, kan vi få masseinnvandring av fuglar frå aust. Det kan vere sisik i hopetall, flokkar med dompap og grønfink, eller store mengder av flaggspett. I år er det rapportert om ganske stor innvandring frå aust av stjertmeis. Dette er rekna som ein av de «søtaste» fuglane vi har, og utgjer vanlegvis berre 1-2 prosent av deltakarane i hagefuglteljinga. Du kan rekne deg heldig om du får besøk av arten, men i år skal det vere auka sjansar for at fleire kjem til å få besøk av den flotte fuglen. I vinter er det innfanga nokre stjertmeis som er ringmerka i Latvia og det tyder på at mange av stjertmeisene som vert observert kan komme frå dei baltiske landa.

Stor interesse for mating av fugler
Det er stor interesse for å mate fuglar i Norge. Årlig vert det seld ca. 16 000 tonn med villfuglmat. Det er ca. 400 000 nordmenn som hjelper våre små fjærkledde vener med mat nå i vinterkulda. Fleire og fleire nordmenn finn ut at mating av fuglar er ein spanende og lærerik hobby. Dessuten skaper det liv og farger no vinterstid.

Vinteren er sjølve flaskehalsen for alt liv i naturen. Spesielt er kalde og snørike vintrar vanskelege å takle for både fuglar og dyr. Sjølv om våre overvintrande fuglar er skapt for å klare seg gjennom det harde vinterklimaet her nord, så seier det seg sjølv at ein fòringsplass gjer livet enklare og vil føre til at færre fugla døyr.

NOFs fuglerestaurant
Mange bur i blokk eller i burettslag det fugleforing ikkje er tillate. For alle dei som skulle ønske de hadde ein plass å mate fuglane kan vi anbefale å gå inn på NOFs Fuglerestaurant der vi sender direkte TV døgnet rundt frå ein foringsplass på Nesodden.

Kva skal telljast?
Hagefuglteljinga foregår ved at man noterer alle fuglar som vert sett på fuglebrettet og rundt fôringsplassen på ein dag. Det skal noterast det høgaste talet du ser på ein gong av kvar fugleart. Ser man fuglar som flyr over nærområdet, evt. andre observasjonar gjort under teljinga kan det også noterast. Det same gjeld pattedyr som måtte dukke opp, som ekorn og rådyr. Teljinga av fuglane skal leggast inn på heimesida til Fuglevennen. Oversikt over talet på hagar, artar og individ som vert registrert vert oppdatert med ein gong nokon har lagt inn sine observasjonar.

Er folk bortreist den aktuelle helga, og for skular og barnehagar som deltek, er det mulig å legge inn observasjonane sine ein gong mellom 23. januar til og med 7. februar.