I feil retning

Det er fleire framlegg i statsbudsjettet som kvar for seg, og ikkje minst i sum, sender distrikts-Noreg i feil retning.

Som vi ved fleire høve har vore inne på, er regjeringa ganske konsekvente i å gå inn for tiltak som svekkar distrikta og bygdene. Det gjeld fleire såkalla reformer, som skal gjere landet så robust i møtet med framtida. I praksis vil det seie rå sentralisering som flytter folk saman i store einingar og utarmar utkantane, og så hevdar ein i fullt alvor at alt skal bli så mykje betre.

Den sentraliseringa ein legg opp til i landbruket, med einsidig satsing på å styrke store bruk, er ein bit av det same. Og det stoppar ikkje der. Vi ser at den klassiske og viktige verktøykassa for distriktsutbygging vert svekka, det gjeld kutt i midlar til innovasjon Noregs si satsing, og jammen kom det ikkje framlegg om nye kutt når det gjeld utbygging av breiband. Ei av dei aller viktigaste sakene for utvikling i distrikta.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.