Kvefs på smørblomst. Foto: Sara Johannessen/NTB scanpix/NPK.

I år er det kvefseår

Denne sommaren vil det vere mange kvefsar ute og fly. Om ein vil redusere mengda, må ein gjere ein innsats no.


Akkurat no er kvefsedronningar ute for å finne nye heimar, og byggjer bol. Om ein vil unngå eit kvefsebol ved uteplassen, bør ein gjere ein jobb no, skriv NRK.


– No har ein moglegheita til å fjerne dei bola ein ikkje ønskjer å ha før dei blir for store og for vanskelege å fjerne, seier Arnstein Staverløkk, overingeniør på Norsk institutt for naturforsking, til NRK.


Han legg til at ein bør leite etter bol på kveldstid for då er det størst sannsyn for at dronninga er til stades.


Den beste og mest humane måten å ta livet av dronninga er ved å fryse ned bolet.


Kvefseår er ikkje uvanleg. Så mykje som kvart andre år er vanlegvis kvefseår. (©NPK)