Det er akutt behov for fleire bustader i Hyen.

– Hyen treng fleire bustader

Firda Billag-tomten kan bli eit bukompleks med seks bueiningar. Det går fram av eit skisseprosjekt Hyen Investering ved Ola Lilloe Olsen har utarbeidd.

Utkastet vart presentert på eit møte om bustadsituasjonen som Hyen Investering ved Bodil Solheim Klungre og Ola Lilloe Olsen hadde teke initiativet til. Til stades var også Hyen Utviklingslag ved Tove Hanne Ommedal Teigland og Ole Matias Aa frå Brødr. Aa. Gloppen kommune var representert ved varaordførar Magni Aa Berge og bustadkonsulent Roar Henden.

«Konglomeratet»

Bakgrunnen for møtet var kommunen sitt kjøp av Firda Billag-tomten der føremålet er å byggje husvære. Skisseprosjektet har fått namnet «Konglomeratet». Det er eit bygg på to etasjar med seks bueiningar.

I møtet vart ulike behov for nye bustader drøfta, t.d. gjennomgangsbustader, rimelege husvære, mindre bustader til eldre som ønskjer å bu sentralt i Hyen, utleigebustader til Brødr. Aa-tilsette og bustader til pleietrengande knytt til Løkjatunet.

I følgje møtereferatet vert kommunen bedt om å starte arbeid på tre ulike felt. Det er eit prosjekt for Firda Billag-tomten, utbygging av Løkjatunet og ta kontakt med familien som eig Neset for å kjøpe tomten.

Les heile saka i papirutgåva måndag.