Ole Arild Aa (t.v.), Bertel Oddne Mjellem og Arild Straume går alle til finalen i feltskyting på fredag. Foto: Marit Straume

Hyen sterkt representert på LS

Hyen Skyttarlag har heile åtte deltakarar på Landsskyttarstemnet i Målselv. Ikkje alle er ferdige med å skyte men til no har dei fått desse resultata: På bane fekk Marit Straume 236 i klasse 1, Per Inge Straume fekk 238 i klasse Junior, Andreas Røyrvik fekk 231 i klasse V55, Arild Straume fekk 227 i klasse 4 og Daniel Mjellem fekk 236 i klasse Rekrutt. 5.klassingane Bertel Oddne Mjellem og Ole Arild Aa skyt bane i dag onsdag.


På feltskytinga har alle vore i elden unnateke Andreas Røyrvik og Per Inge Straume som skal skyte i dag onsdag. Hittil har laget fått tre karar til finalen på fredag, Ole Arild Aa, Bertel Oddne Mjellem og Arild Straume.

Resultata på felten blei slik: Ole Arild Aa 29/16, Bertel Oddne Mjellem 30/15, Arild Straume 29/11, Daniel Mjellem 20/16, Odd Peter Skinlo 23/15 og Marit Straume 15/9.

Tysdag var det samlagsskyting for klasse 3 til 5. Nordfjord stilte med Ole Arild Aa frå Hyen på 1.etappe, Regine Nesheim frå Eidsbygda på 2.etappe, Asle Helge Hundeide frå Hundeide på 3.etappe og Bertel Oddne Mjellem frå Hyen på 4.etappe.

Ole Arild starta med å skyte 97 av 100 moglege. Det gav Regine ein flott 9.plass å ligge på. Regine klinka til med 100 poeng og Nordfjord rykka fram til 1.plass. Asle Helge fekk 88. På ankeretappen skaut Bertel Oddne 98, og Nordfjord kom til slutt på ein 16.plass.

Tekst og foto: Marit Straume

Dette er det første landstemnet til rekrutten Daniel Mjellem, og han hadde ein flott debut. Foto: Marit Straume