Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Husbrann i Sogndal

Klokka 22.30 tysdag kveld vart det meldt om brann i eit bustadhus på Kjørnes i Sogndal.

Alle naudetatar rykte ut, men politiet kunne kort etter melde at det var kontroll på staden og at tilløpet var sløkt med hageslangar. Det har vore flammar på utsida, skriv dei på Twitter.



På Håbakken i Lærdal vart ein ungarsk sjåfør stoppa for brot på køyre- og kviletid tidleg tysdag kveld. Han hadde ikkje gjennomført vekekvila og vart pålagt 45 timar pause.

Litt tidlegare på same stad vart ein estisk trailersjåfør stoppa, også han for brot på køyre- og kviletid. I tillegg er han mistenkt for å ha juksa med køyrekortet.



I Sogndal prøve ein motorsyklist å stikke av då politiet ønska å stoppe han. Han vart innhenta etter kort tid, og fekk bot for ikkje å bruke hjelm.

Ein sjåfør fekk forenkla førelegg då UP tysdag kveld hadde UP fartskontroll i 80-sona på rv5 ved Hatleneset i Flora. Han passerte kontrollen i 96 km/t.

Fire personar fekk forenkla førelegg for å bruke handhalden mobiltelefon under ein kontroll på Eid tysdag ettermiddag. To fekk gebyr grunna manglande bilbelte.



I Sogndal fekk politiet i går melding om at russ har vært inne i kjeller på et hus og tømt et brannslukkingsapparat natt til 1. mai.


https://twitter.com/politietsognfj/status/859426039046574081