Første veka i november startar utprøvinga av dei nye hurtigtestane for korona, opplyste Helsedirektør Bjørn Guldvog onsdag. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Hurtigtestar for korona blir testa frå neste veke

Utprøvinga av dei nye hurtigtestane som kan oppdage korona etter få minutt, startar måndag 2. november på Aker teststasjon i Oslo.

– Då vil vi få meir erfaringar med korleis testane fungerer i forhold til dei vi bruker i dag, sa direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB under pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen onsdag.

Hurtigtestane vil gi prøvesvar innan 15–20 minutt. Dei vil dermed òg auke testkapasiteten betrakteleg, opplyste Helsedirektoratet i ei pressemelding 22. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hurtigtestane kan òg gjere det mogleg for folk å teste seg for korona i sin eigen heim.

– På basis av utprøvinga vil vi lage ein plan for korleis hurtigtestane skal brukast i ulike delar av helsetenesta, og eventuelt om dei kan brukast som ein type heimetest, sa Guldvog.

– Dette er det ikkje konkludert med endå, la helsedirektøren til.

(©NPK)