Jonas Gahr Støre (t.v.) og Trygve Slagsvold Vedum under framlegginga av plattforma til den nye regjeringa. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Hurdalsplattforma: EØS-avtalen og norsk medlemskap i Nato ligg fast

EØS-avtalen og norsk medlemskap i Nato ligg fast, heiter det i regjeringsplattforma frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Regjeringsplattforma vart lagt fram i Hurdal onsdag.

– EØS-avtalen skal liggje til grunn for Noregs forhold til Europa. Regjeringa skal jobbe meir aktivt for å fremje norske interesser innanfor rammene av avtalen, og handlingsrommet i EØS-avtalen skal takast i bruk med særleg vekt på å sikre nasjonal kontroll på område som norsk arbeidsliv, energi og jernbane, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jernbanereforma frå EU har skapt stor debatt blant stortingspartia. I mai vedtok stortingsfleirtalet at Noreg skal knyte til seg EUs fjerde jernbanepakke. Valet i september førte likevel til fleirtal for partia som stemde mot.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV bad i slutten av september Solberg-regjeringa om å utsetje behandlinga av reforma til det nye Stortinget har tiltredd, noko regjeringa avviste.

EUs fjerde jernbanepakke er ei jernbanereform som vart vedteken i EU i 2016. Den gir EUs jernbanebyrå ERA makt til å ta avgjerder direkte mot aktørar i Noreg. Samtidig blir EU-domstolen klageorgan. Eit kjerneelement i reforma er at persontogtilbodet som hovudregel skal konkurranseutsetjast.