Hundre utdanna rådgjevarar skal hjelpe landbruket å redusere klimagassutsleppa. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Hundre utsleppsrådgjevarar skal gjere landbruket meir miljøvenleg

Norsk landbruksrådgiving (NLR) har utdanna 100 rådgjevarar for å hjelpe norske bønder med å kutte utslepp.

Først skal NLR starte med å rådgiving til bønder som dyrkar bygg, men målet er at kvar enkelt bonde skal redusere klimagassutsleppa med 10 prosent, skriv NRK Oslo og Viken.

Tiltak for å kutte i utsleppa kan vere drenering, meir effektiv gjødsling eller omlegging til biodrivstoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Kristian Bergerud, leiar i Østfold Bondelag, seier han er positiv til opplegget.

– Det viktigaste er at vi kan vere med og gjere dei rette tiltaka for å ta vare på klimaet vårt. Det er antakeleg vi i landbruket som vil merke det først, seier Bergerud til NRK.