Søndag må du hugse å stille tida ein time tilbake på alle klokker som ikkje er tilkoila internett: Foto: Justervesenet.

Hugs å stille klokka!

Søndag 29. oktober klokka 03.00 skal vi skru tida ein time tilbake.

Dette er ei endring som for det meste skjer automatisk på dei digitale einingane våre, men nokre stader må klokka stillast manuelt.

Justervesenet minner no om at det framleis er klokker og einingar som krev manuell justering, som til dømes analoge armbandsur og klokker i bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange gløymer også å stille klokka på steikjeomnen.

Justervesenet har fire atomklokker og genererer Noreg si offisielle tid. (©NPK)