Hopsstranda må sikrast

Måndag morgon rasa det igjen i Hopsstranda i Hyen. For Terje Skamo på veg til jobb på Sandane vart det ei svært dramatisk og nifs oppleving, som vi fortel om i avisa i dag. Han var berre eit par sekund frå å bli treft, og konsekvensen ville ha vorte fatal. Ein kan godt seie at han hadde englevakt denne morgonen, og vi er først og fremst glade og takksame for at det gjekk godt denne gongen også, og at ikkje liv gjekk tapt. Nærare ei tragisk ulukke er det vanskeleg å kome, og det gjev sine ettertankar.

Dessverre er det ikkje noko nytt at det går ras ned på den smale og svingete vegen gjennom Hopsstranda. Vi veit ikkje kor mange gongar vi har omtala det gjennom åra, men at steinar, jord og tre kjem dundrande ned på fylkesveg 615 her i stranda, spesielt vår og haust, er dessverre eit alt for vanleg og livsfarleg fenomen. Ein konkurranse om dårlegaste veg er i seg sjølv meiningslaus, men det er inga overdriving å seie at vegen gjennom Hopsstranda er ein av landet sin aller dårlegaste og farlegast offentlege vegar med gjennomgangstrafikk på.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.