Bilde frå produksjonen. John Kaare Hoversholm og regissør Danis Tanovic på Garnes utanfor Bergen. Foto: Finn-Erik Rognan.

Hollywood-thriller spelt inn på Hardangervidda

Når Hollywood skal filmatisere «The Postcard Killings», blir Hardanger, Gamle Vossebanen og Bergen kulisser.


Filmen «The Postcard Killings» byggjer på thrillersuksessen til Liza Marklund og James Patterson med same namn. Boka selde over fem millionar eksemplar, og ho gjekk til topps på salslister verda over.


Det er den Oscar-prislønte regissøren Danis Tanovic som skal gjere boka til ein storfilm. «The Postcard Killings» har gjort opptak på Hardangervidda og skal filme i Bergen i desse dagar.


– Opptaka på Vestlandet har gått strålande, sjølv om vi har kjempa mot tøffe vêrforhold i fjellet. No ser det norske og internasjonale teamet fram til opptak i bergensområdet, seier John Kaare Hoversholm i Packshot Lab.


Han er co-produsent på filmen saman med Bjørnar Fjeldvær.


Vestnorsk filmkommisjon marknadsfører regionen som innspelingsstad.


– Oscar-vinnarar som filmar i Noreg er sjeldan vare. Det er tøft å nå opp i den internasjonale konkurransen om desse produksjonane, som tilfører bransjen sysselsetjing og gjer regionen synleg. The Postcard Killings er eit nytt steg på vegen til å bli ein anerkjend filmdestinasjon, uttaler leiar Sigmund Elias Holm i ei pressemelding.


Blant skodespelarane i filmen er Jeffrey Dean Morgan, Cush Jumbo, Denis O'Hare og Connie Nielsen.


Det er ikkje kjent når filmen skal ha premiere. (©NPK)