Helse- og omsorgsminister Bent Høie under ein pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Høie: Må vere førebudd på koronatiltak gjennom jula

Helseminister Bent Høie (H) seier at utviklinga har gått i ei så negativ retning at vi må førebu oss på at det kan bli koronatiltak gjennom jula.

På pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen forklarte helseministeren at regjeringa la vekt på å unngå strenge tiltak gjennom jula når dei la fram runde éin og runde to med innstrammingar.

– Men som eg òg sa på det tidspunktet, har utviklinga no har gått i så negativ retning at vi òg må vere førebudde på at det kan vere tiltak gjennom jula, sa Høie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han sa at det enno er seks veker igjen til jul, og at det framleis er moglegheit til å få betydelege resultat av tiltaka mot koronaviruset. Samtidig åtvara han mot å opne opp for tidleg.

Karantenereglar skal hindre nye smitteutbrot

– Det er òg viktig at vi ikkje slepper opp for tidleg, sånn at vi mistar kontrollen. Det er noko vi må vurdere når vi ser resultata av tiltaka, sa Høie.

Den siste tida er det innført strengare reglar for innreisekarantene for personar som kjem frå land med høgt smittetrykk. Eventuelle julegjester frå utlandet må no i ti dagars karantene.

Helseministeren seier at desse tiltaka skal hindre nye smitteutbrot når julegjester frå utlandet kjem heim på besøk til familien sin.

Utanlandsstudentar slepp ikkje unna

Statsminister Erna Solberg understrekar at reglane som no er på plass, er strenge. Så strenge at hennar eigne barn ikkje slepp unna.

– Vi har karantenereglar som er skarpe. Det betyr at alle vi mødrer som har barn som studerer i utlandet, må vere sikre på at barna våre faktisk set seg i karantene når dei kjem, sa Solberg.

(©NPK)

Sjølv ikkje statsminister Erna Solbergs (H) utanlandsstuderande barn slepp unna karantene når dei kjem heim til Noreg før jul. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.