Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner det å gå i karantene er ei gåve. Foto: Jil Yngland/NTB scanpix/NPK.

Høie: – Karantene er ikkje ei straff – det er ei gåve

Helseminister Bent Høie meiner det å gå i karantene ikkje bør framstillast som ei straff. Samtidig understrekar han at ein ikkje kan teste seg ut av karantene.

– Eg synest det er synd at karantene blir framstilt som ei straff. For karantene er ikkje ei straff – det er ei gåve, seier helseminister Bent Høie (H) under koronapressekonferansen på tysdag, og heldt fram:

– Ved å halde deg heime i ti dagar gir du ei gåve til menneska rundt deg. Du sørgjer for at dei ikkje blir smitta eller hamnar i karantene viss du skulle vere så uheldig å vere smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie seier at helsetenesta i det siste har fått fleire førespurnader frå folk som ønskjer å teste seg for korona for å sleppe karantene.

– Men du kan ikkje droppe karantene viss du testar negativt tre dagar etter at du har komme heim frå eit raudt land eller to dagar etter festen med kompisen som var smitta. Den negative testen viser berre éin ting: At du ikkje var smitteførande den dagen du testa deg, seier helseministeren.

(©NPK)