Helse- og omsorgsminister Bent Høie, under pressekonferansen om koronasituasjonen torsdag. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Høie: Hets av smitta må ta slutt

Mange av dei som har vore smitta i lokale utbrot dei siste vekene har vorte utsette for hets. Dette må ta slutt, meiner helseminister Bent Høie (H).

– Mange av dei som til dømes er studentar ved Noregs handelshøgskole (NHH), har vorte kalla egoistar og det som verre er. Medlemmer av forsamlinga i Sarpsborg har vorte omtalt i vondskapsfulle ordelag. Dette må ta slutt, sa Høie under pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen torsdag.

Han understrekar at det er mange som kan ha brote smitteråda, og at alle kan vere uheldige å bli smitta av koronaviruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Neste gong kan viruset spreie seg frå skulen eller arbeidsplassen din. Vi klarer ikkje stoppe pandemien kvar for oss, vi klarer berre å stoppe han saman. Så vi må ikkje hetse andre, vi må støtte kvarandre, seier helseministeren.

(©NPK)