Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ber oss halde fram med å følgje smittevernreglane. Foto: Ali Zare/NTB.

Høie ber oss halde fram med å følgje smittevernreglane av omsyn til barna

Helseminister Bent Høie (H) seier vi må halde fram med å følgje smittevernreglane slik at barn og unge kan halde fram med å leve så normalt som mogleg.

På pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag sa Høie at dersom ein skal stramme inn der smitten no spreier seg mest, må ein stramme inn blant barn og unge.

– Det sit langt inne, sa statsråden.

Han sa at dei yngste har bore ei tung bør under pandemien. Han sa at dei veit at barn og unge er lite utsette for alvorleg sjukdom ved smitte, men at langvarige tiltak rammar dei hardt.

– Vi må derfor gjere ein innsats slik at barn og unge kan halde fram med å leve så normalt som mogleg, sa Høie.

– Eg ber ikkje om mykje. Eg ber berre om at vi held fram med å følgje råda og reglane som hindrar at smitten spreier seg. Det kan, dessverre, sjå ut som meteren har vorte til ein desimeter, eller rett og slett gått i gløymeboka for ganske mange, sa han.

Det siste døgnet er det registrert 1.415 koronasmitta i Noreg, og smittetala har vore stigande den siste tida.

(©NPK)