Vinteren er høgsesong for påkøyrsle av vilt. Foto: Shutterstock.

Høgsesong for påkøyrsle av vilt

Meir enn 10.000 hjortar, elgar og rådyr er blitt påkøyrde hittil i år, og tala aukar. – Det er straffbart å stikke av frå ei viltpåkøyrsle utan å seie ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring.

– Mange trur at det er straffbart å køyre på vilt, men det stemmer ikkje. Det er derimot straffbart ikkje å melde ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens, i ei pressemelding.

I fjor var det registrerte talet påkøyrsler av hjort, elg og rådyr på norske vegar 12.500. Om ein samanliknar tala med tilsvarande periode i år, har det vore nesten to prosent auke, viser tal frå hjorteviltregisteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mørketida gjer det vanskelegare å sjå dei store dyra. Påkøyrsle av hjortedyr kan opplevast dramatisk, og inneber ofte store bilskadar. Seinhaust og vinter er den tida vi har flest skadesaker i samband med påkøyrsler, seier Irgens.

Om ein kjem ut for ei viltpåkøyrsle, skal ein bli på staden og varsle politi eller viltnemnda.