Denne einebustaden i Leirbrekka vart måndag selt for 3.950.000 kroner, som er langt over takst. Den høge prisen er ikkje noko særsyn, Sandane-området blir rekna som attraktivt.

Høg temperatur i eigedomsmarknaden på Sandane

– Det er veldig stor interesse for større, nyare einebustader rundt Gloppefjorden, seier advokat og meklar Jan Erik Mardal i Gloppen eigedomsmekling.

Gjennom selskapet har Mardal hand om mykje av eigedomsomsetnaden i Gloppen. I fjor selde han for 65 millionar kroner. Det er omtrent det same som året før, som var eit rekordår. No opplever han stor interesse og aukande prisar i sentrale strøk av kommunen.

Sveltefôra

– Det er høgt trykk på eigedomsmarknaden, særleg knytt til einebustader. Det er for få slike bustader for sal i høve til interessa, mange står på interessentlister. I Sandane-området oppnår ein ganske gode prisar, konstaterer Jan Erik Mardal.

Seinast måndag vart ein større einebustad med utleigedel i Leirbrekka selt for 3.950.000 kroner, 560.000 over verditaksten.

Les heile saka i papirutgåva fredag.