Ho toppar SV-framlegg til valet

Glopparen Hege Lothe står på toppen av nominasjonsnemnda i Vestland SV sitt listeframlegg for Sogn og Fjordane valkrins til stortingsvalet neste år.

– Vi er veldig glade for at Hege Lothe er vår 1. kandidat og er trygge på at med hennar erfaring og engasjement vil vi gå inn i ein valkamp med saker som handlar om ein politikk for dei mange og ikkje for dei få i Sogn og Fjordane valkrins, seier leiar for nominasjonsnemnda, Bente Nilsen, i ei pressemelding.

Mellom dei fem første kandidatane ønskte nominasjonsnemda å prioritere ein frå kvar av dei tre regionane, ein ungdomsrepresentant og ein med minoritetsbakgrunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er veldig nøgde med at vi har fått det til. 2. kandidaten vår, Hans Christian Knudsen, er berre 21 år, men likevel erfaren i ungdomspartiet SU og er i tillegg folkevald, seier Nilsen.

Hege Lothe har stilt seg til disposisjon for partiet og er klar for å kjempe om ein plass på Stortinget.

– Sogn og Fjordane har både kultur, natur og næring som er viktige å ta vare på, kjempe for og utvikle inn i framtida. Difor vil eg arbeide for vår plass i verda, for eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, for internasjonal solidaritet, for klima og for mindre forskjellar mellom folk, seier ho i presssemeldinga.

Slik ser listeframlegget ut:

1. Hege Lothe, Gloppen, 1972

2. Hans Christian Knudsen, SU, 1999

3. Vibeke Johnsen, Sogndal, 1966

4. Åsmund Berthelsen, Sunnfjord, 1952

5. Nermin Ali Wasta, Kinn, 1966

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Silje Høgelid, Høyanger, 1995

7. Bent-Inge A. Borgund, Stad, 1975

8. Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord, 1973

9. Sæmund Stokstad, Lærdal, 1985

10. Heidi Grande Røys, Kinn, 1967