Kristine Hjelmbrekke fekk etter kvart meir enn nok å henge fingrane i.

Ho håpa på 350 - fekk mange fleire

 

Kristine Hjelmbrekke på Jølstraholmen fekk hendene meir enn fulle då ho laurdag inviterte til konsert med "Eva and the heartmaker" Det rett og slett kokte då Eva Weel Skram og bandet entra scena ut på kvelden.

- Dei starta i det små på Malakoff også, gliste Eirik Hjelmbrekke som i lag med hundrevis andre kosa seg på utekonsert i sommarkvelden. Før konserten kunne publikum delta på ølsmaking med spennande varer frå Ægir i Flåm og Kvernafossen i Gaular.

 

Over all forventning

Kristine Hjelmbrekke og resten av arrangørane på Jølstraholmen camping vart rett og slett litt utmanøvrerte då det strøymde på med publikum utover kvelden. På ettermiddagen hadde dei selt 400 billettar, men då vi var innom nokre timar seinare hadde talet passert 500, og meir vart det.

- Vi hadde så smått håpa på 350 menneske, så dette er over all forventning smilte Kristina som hadde hendene fulle med å få logistikken til å gå opp.

Publikum kosa sag

Konserten var på plenen utanfor "Løa", den nye uteplassen på Jølstraholmen.Scena var rigga i eit stort telt, men publikum hadde god plass på plenen utanfor og på terrassen ved "Løa"

- Fantastisk bra opplegg og flott tiltak, var refrenget mellom dei vi snakka med. Over alt såg vi smilande menneske som venta på at konserten skulle starte. Og Eva Weel Skram leverte varene dei kom for å få, då får det heller våge seg at folk måtte stå i kø for å få tak i drikkebongar.

Ølsmaking i gjødselkjellar

- Ein tur innom her er ei oppleving i seg sjølv, og å sitte her og drikke øl i ein gammal gjødselkjellar er spesielt, sa Lars Magne Lillesand frå Jæren som var på ølsmaking. Saman med kollegaen Tron Ivar Mygland reiser han land og strand rundt og bygger fibernett.

- Eg brukar å få meg ølsmaking når vi reiser rundt slik. Folk veit ikkje kva dei går glipp av, det er ei unik smaksoppleving, sa Mygland som oppfordra folk om å få med seg ei ølsmaking. Og laurdag var det nok mange som gjekk glipp av ei slik smaksoppleving for det var nok ikkje meir enn rundt tjue som hadde teke turen til "Løa" for å smake på ølet til Ægir, presentert av grunnleggaren Evan Lewis.

Litt skuffande tykte Kristine Hjelmbrekke som hadde meir publikum på eit liknande arrangement i fjor.









 



 

Publikum kosa seg i den fine sommarkvelden på Jølstraholmen
Det kokte i og utanfor teltet då Eva Weel Skram entra scena.
Eva Weel Skram er ei populær dame og ho leverte varene folk hadde møtt opp for å få.
Lars Magne Lillesand (t.v.) frå Jæren og Tron Ivar Mygland frå Vestagder kosa seg med ølsmaking i "Løa"
Øystein Øvrebø frå bryggeriet "Kvernafossen" i Gaular t.v. og grunnleggaren av Ægir, Evan Lewis stilte med øl til smaking tidleg på kvelden. Dei meinte begge at dei hadde nok øl med, sjølv om det strøymde på med folk utover kvelden.