Ho er den nye sjukehuspresten

Helene Langeland er tilsett som sjukehusprest ved Førde sentralsjukehus.

– Eg søkte stillinga som sjukehusprest fordi omsorgstenesta, i møte med enkeltmenneske, er noko av det som tiltalar meg aller mest som prest. Eg ser fram til å jobbe i eit tverrfagleg miljø, der eg kan vere ei av fleire relevante brikker i møte med pasientar, pårørande og tilsette, seier Langeland i ei pressemelding frå Helse Førde.

Langeland har vore 15 år som sokneprest i Lærdal, og har vore sjukehusprest på tilkalling for sjukehuset i Lærdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste to-tre har ho vore fast vikar for sjukehusprest Einar Skudal i Førde. Ho arbeider no som beredskapsheim for Bufetat, og er andaktshaldar i morgonandakta på NRK P1.

Helene Langeland er 48 år. Ho bur i Jølster, der ho også vart fødd og trakka sine første barnesteg. Men mesteparten av oppveksten var i Askvoll.

Langeland tek 1. mai over for Einar Skudal som blir pensjonist etter å ha vore sjukehusprest i Førde i 26 år.