Simon Kvile orienterer Gunn og Jostein Ravnestad under hjartestartarkurset på Reed sist veke. Alle foto: Per Svein Reed.

Hjartestartar på plass på Reed

Dei næringsdrivande på Reed har gått saman om å kjøpe inn hjartestartar. Onsdag vart det halde kurs i bruk av startaren.

Det er Reed Utviklingslag med Jørgen Veien som primus motor som er organisator av tiltaket. Utviklingslaget inviterte også til kurs. Responsen var så stor at det må arrangerast fleire kurs. Det var «stinn brakke» i lokala til Reed Foto AS.

Kurshaldarar var Simon Kvile, Susanne Merkesdal Gåsemyr og Jarle Sollid frå Røde Kors Gloppen.

Seinare vil det verte kurs for dei tilsette som har finansiert hjartestartaren, nemleg Reed Foto AS, Eurofoto/Japan Photo, Coop Marked Reed og Hetle Auto.



Dei tre kurshaldarane Jarle Sollid (f.v.), Susanne Merkesdal Gåsemyr og Simon Kvile.

Simon Kvile orienterer Gunn og Jostein Ravnestad under hjartestartarkurset på Reed sist veke. Alle foto: Per Svein Reed.