Historisk låge straumprisar i Midt- og Nord-Noreg. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Historisk låge straumprisar i Midt- og Nord-Noreg

For første gong i historia får Midt- og Nord-Noreg ein gjennomsnittleg straumpris for eit døgn som er under null kroner, opplyser Europower og EnergiWatch.

Snittprisen for Midt- og Nord-Noreg fell torsdag heilt ned til minus 1,2 øre/kWh i gjennomsnitt for døgnet i engrospris. Det er før berekning av skattar, nettleige og eventuell straumstøtte.

På det lågaste går straumprisen ned til minus 4 øre/kWh, og på det høgaste er engrosprisen 2,2 øre/kWh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til at prisane fell så lågt, er at det blir produsert meir straum nord i Norden enn det forbrukarane klarer å bruke.