Rekordgod skatteinngang i mai og over det budsjetterte beløpet så langt i år.

Historisk god skatteinngang

Det var ein historisk god skatteinngang i Gloppen kommune i mai. Aldri tidlegare har skatteoppkrevjaren notert over 30 mill. kroner på ein månad.

Skatteoppkrevjaren i Gloppen er Oddfrid Rønnekleiv. I førre veke melde ho til rådmannen ein historisk rekord. Då kom det inn 31,6 mill. skattekroner på kontoen til Gloppen kommune.

– Aldri før har vi vore over 30 mill. kroner på ein månad, melde ho om. Skatteoppkrevjaren peika samtidig på at årsaka til den gode skatteinngangen er ein kraftig auke i selskapsskatten. Når vi kjem til november, må nok fordelingsprosenten korrigerast.

– Det er nok ikkje så positivt som det ser ut til, og ingen grunn til å heise flagget, seier rådmann Jan Kåre Fure og vil avvente utviklinga for å sjå kor mykje kommunen får sitje igjen med.

I budsjettet for 2017 er det venta ein skatteinngang på til saman 70,56 mill. i løpet av dei fem første månadene. Tala til skatteoppkrevjaren er ein faktisk akkumulert skatteinngang på 74,90 mill. kroner som er 4,34 mill. kroner over budsjettet.