For første gong er alle stortingsgruppene til partia leidd av kvinner. I høve kvinnedagen 8. mars er det tatt eit nytt, offisielt bilete av dei ti kvinnene. Foto: Peter Mydske/Stortinget/NTB/NPK.

Historisk: Alle dei parlamentariske leiarane er kvinner

For første gong er stortingsgruppene til alle partia styrt av kvinner. – Det er viktig med kvinner i alle rom der avgjerder blir tekne, seier Erna Solberg ( H).

Ein parlamentarisk leiar er den øvste leiaren for dei ulike stortingsgruppene. Sidan i fjor sommar har alle dei parlamentariske leiarane vore kvinner.

– Vi har alle med oss ulike opplevingar og perspektiv, og for meg er det viktig at det også gir utslag i prioriteringar, seier den tidlegare statsministeren i ei pressemelding frå Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med kvinnedagen er det teke eit nytt, offisielt bilete av dei ti kvinnene. Blant dei er Rigmor Aasrud, Arbeidarpartiets parlamentariske leiar.

– Det er historisk at alle dei parlamentariske leiarane på Stortinget er kvinner. Det er stas å få oppleve det i denne perioden. Samtidig er det på sin plass å minne om alle dei hardtarbeidande kvinnene som har teke og kravd sin plass i politikken, som har gjort rommet for oss som kom etter større, seier ho. (©NPK)