Vestland Ap sine toppkandidatar Anne Gine Hestetun og Arve Helle. Pressefoto.

Hestetun på topp, Helle på andreplass

Arve Helle frå Fjaler Ap vart valt som andrekandidat på Vestland Ap si fylkestingsliste på nominasjonsmøtet i Førde i helga. Fylkesordførar i Hordaland og utflytt årdøl, Anne Gine Hestetun, toppar lista.





Møtet samla 149 delegatar frå Hordaland Arbeidarparti og Sogn og Fjordane Arbeidarpart. I tillegg til nominasjon stod også godkjenning av nytt partiprogram på agendaen.





– Eg stolt og audmjuk over tilliten partiet har vist meg, og eg ser verkeleg fram til å drive valkamp i lag med Anne Gine og resten av denne flotte gjengen, seier Helle.





– Eg er oppteken av å byggje sterke bu- og arbeidsområde i den nye regionen. Med bakgrunn frå ein liten distriktskommune er eg sjølvsagt oppteken av ein desentralisert vidaregåande skulestruktur som ein viktig del av dette.





  – Nye Vestland med
sine over 600.000 innbyggarar, store naturressursar og innovativt næringsliv
har alle føresetnadar for å bli ein motor i utviklinga av framtidas Norge, meiner
Arve Helle.





  Glopparane Torbjørn
Vereide og Sandra Tenud står på høvesvis 8. og 19. plass på lista.





Arbeidarpartiet sine fylkestingskandidatar – topp 20:





1. Anne Gine Hestetun





2. Arve Helle





3. Jannicke Clarke





4. Emil Gadolin





5. Karianne Torvanger





6. Stian Jean Opedal Davies





7. Kine Bratli Dale





8. Torbjørn Vereide





9. Nina Bognøy





10. Rasmus Laupsa Rasmussen





11. Linda Merkesdal





12. Per Jarle Valvatn





13. Senea Sabanovic





14. Kjell Gitton Håland





15. Katrine Johannessen





16. Eirik Haga





17. Kristin Maurstad





18. Johannes Bysheim





19. Sandra Tenud





20. Tommy Aarethun