Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) varslar at det kan kome strengare koronatiltak denne veka. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Helseministeren: – Kan kome fleire og strengare tiltak denne veka

Helseminister Ingvild Kjerkol er bekymra over omikronutbrudda som dukkar opp fleire stader i landet. Ho varslar at det snarleg kan kome strengare tiltak.

– Eg ser ikkje bort frå at det kan kome fleire og strengare tiltak denne veka. Vi følgjer det fortløpande og er i tett dialog med fagstyresmaktene. Det skal vi kommunisere godt ut dersom det kjem, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til VG.

Ho håpar at alle kan få feire jul som vanleg trass i omikronvarianten som det no er fire mistenkte eller stadfesta utbrot av i Noreg. Ho seier at det ikkje er hogd i stein.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har kontroll på pandemien, men det har komme fleire utbrot med mistanke om omikron. Vi har ei forskrift knytt til dei tilfella der det er mistanke om varianten, med lengre isolasjon og karantene for husstandsmedlemmer. Eg er bekymra, og vi ser på fleire tiltak regionalt og nasjonalt, seier Kjerkol.

Helseministeren ventar no på ei vurdering frå Folkehelseinstituttet (FHI) rundt kva intervall dei under 65 år bør ha på oppfriskingsdosen av koronavaksinen. Førebels er intervallet på seks månader for dei under 65 år, og fem månader for dei over 65.

Kjerkol seier at ho ventar vurderinga i byrjinga av denne veka. (©NPK)