Test av covid-19-skilt utanfor teststasjonen på Aker legevakt.Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Helsedirektoratet: Om ein får korona etter 14. desember må ein feire jul åleine

Det er det harde bodskapet frå Helsedirektoratet.

– Er koronatesten positiv etter i dag, ryk julekvelden med familien. Då må ein i isolasjon og ikkje delta i feiringa med resten av familien, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NRK måndag.

Fleire stader går talet på dei som testar seg for korona ned. Guldvog håpar ikkje det er fordi folk fryktar å måtte sitje i isolasjon i jula. Han strekar under at om ein har symptom, må ein teste seg, for å sikre at alle ha ei trygg og god julefeiring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Symptom på covid-19 som kan vere grunn til å ta ein test, er ifølge FHI akutt luftvegsinfeksjon og eitt eller fleire av desse symptoma; feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, eller andre symptom som lege mistenker kjem av covid-19. Dersom ein har mindre typiske symptom og ikkje treng helsehjelp, kan ein sjå an heime eit par dagar før ein vurderer å teste seg.

(©NPK)