Elevane ved Skei skule har laga fleire hundre sommarfuglar som skal pynte konsertlokalet i morgon. Bak frå venstre: Nathaniel Erikstad, Jakob Sunde, Heine Årdal, Martinus Førde, Maria Sandal. Midten frå venstre: Oline Heggheim, Rakel Holsen, Idrey Bergheim, Tage Kalstad, Stina Sunde, Anita Klakegg. Framme frå venstre: Ole Jacob Håheim, Jop Bijsterbosch, Eskil Nilsen, Kajus Degutis. Foto: Skei skule.

Heile skulen samlar inn pengar til Flyktninghjelpen

– Så vidt eg veit, er dette første gongen heile skulen samlar inn pengar til eit velgjerande føremål, seier rektor ved Skei skule, Gerd Sunde Førde.

Den pågåande flyktningkrisa ute i verda røyver mange. Trongen for midlar til å hjelpe dei hundretusenvis som er på flukt, synest uavgrensa. No har elevar og tilsette ved Skei skule bestemt seg for å gjere ein innsats. Heile torsdagen går med til innsamling til Flyktninghjelpen.

Springing og konsert

– På dagtid skal alle elevane vere med på springeaksjonen ”Spring for livet”. Dei skal springe rundt løpebana på Skei stadion, og lokale næringsdrivande i Jølster støttar aksjonen med å betale 20 kroner per runde per elev for kvar sine utvalde klassar. Alle klassane har fått sponsor, nokre til og med to, fortel Gerd Sunde Førde.

Resten av den ordinære skuledagen kjem til å gå med til å førebu det som skal skje på kveldstid. På ettermiddagen blir det middagskafé i gymnastikksalen. Der blir det selt betasuppe med rundstykke og saft. Etterpå er det konsert i Jølster samfunnshus. Alle elevane skal delta med innslag og musikk, mellom anna blir eit nytt arrangement av Halfdan Sivertsen sin ”Sommarfuggel i vinterland”, som har gjeve namnet til aksjonen, presentert.

– Dette blir ein kombinasjon av Halfdan Sivertsen og Vinnie sine versjonar av låta, fortel Sunde Førde.

Etter konserten blir aksjonsdagen avslutta med kakekafé i gymnastikksalen.

30.000-40.000
Rektoren fortel at ideen om ein innsamlingsaksjon til flyktningane vart unnfanga på lærarrommet.

– Vi sat på lærarrommet og var litt fortvila over situasjonen kring flyktningane. Ideen vart lansert, eg tende på han og tok det opp med elevrådet. Dei var heilt med, elevane følgjer også med på det som skjer og stiller spørsmål, fortel ho.

Elevrådet har fått bestemme kva organisasjon dei innsamla midlane skal gå til.

– Flyktninghjelpen fekk flest røyster, i sterk konkurranse med Redd Barna. Det blei avgjerande at det ikkje berre er born som treng hjelp, seier Sunde Førde.

Sjølv om skulen har vore mest oppteken av at elevane skal kjenne at dei gjer ein innsats for andre, legg ikkje rektoren skjul på at ho har rekna litt på kor store inntekter aksjonsdagen kan gje.

– Vi skal greie å få inn ein stad mellom 30.000 og 40.000 kroner, seier ho og oppmodar alle om å ta turen til Skei skule torsdag ettermiddag.