Heile bygda hylla Jon Rolf Skamo Hope med ein fantastisk skisesong.

Heile Hyen hylla verdsmeisteren

Nesten heile Hyen stilte opp då Jon Rolf Skamo Hope vart hylla for gullmedaljen i junior VM og andre store prestasjonar denne sesongen.

Heilt i det stille hadde Hyen IL førebudd ei skikkeleg feiring av verdsmeister og noregsmeister Jon Rolf Skamo Hope. Brått vart han "kidnappa" heime og frakta i traktor til Hyen samfunnshus. Der venta nesten heile bygda og fleire inviterte gjester.

Mange helsingar
Både ordførar Leidulf Gloppestad, leiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins Nils R. Sandal og styremedlem i skikrinsen, Halvard Nygård, helsa og gratulerte verdsmeisteren.



Roger Aa Djupvik var også til stades i Hyen Samfunnshus og hylla verdsmeisteren. Som tidlegare toppløpar veit han godt kva som ligg bak Jon Rolf sine prestasjonar i skisporet.
- Vi må verdsetje det han har gjort til no. Så må Jon Rolf får den tid han treng til å utvikle seg vidare. Det krevst svært mykje trening, men føresetnadene er der, seier han.

Fantastisk
- Dette er heilt fantastisk, seier ein litt overvelda verdsmeister og tykkjer det er veldig kjekt at sambygdingane set pris på det han har prestert.
- At så mange stiller opp her, overraskar meg. Det gjev meg ekstra motivasjon og glød til å starte førebuingane til komande sesong, seier Jon Rolf Skamo Hope. Han vart heidra for gullmedaljen under VM for junior i Salt Lake City og ikkje minst for dei to gullmedaljane i NM.

Fyldig reportasje og intervju med Jon Rolf i neste avis.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.
 

Heile gymsalen var fylt med langbord der det vart servert rømmegraut, spekemat, kaffi og stor marsipankake.