Laurdag 31. oktober inviterer dei til nytt Haustsprell i Styrkhallen i Innvik. F.v. Lone Frøholm Kvamme, Gunn-Bente Skåden og Unni Verlo.

Haustsprell i Innvik

Laurdag 31. oktober er det klart for nye haustsprell i Innvik.

Denne dagen set vi fokus på trening og treningsglede. Vi starter dagen med ein steptime med Hege Beate Myklebust, mangeårig stepinstruktør, før vi går vidare med ein time på 90 minutt med bungee, Crossfit og mobilitet frå nyoppstarta Gym Stryn. Deretter vert det lunsj, i form av betasuppe.

Etter lunsj tek Inger Lise Vereide frå Sandane over med ein zumbatime. Så kjem BasisBallgrunder Siri Linn Haugen og vil presentere noko nytt og spennande innan BasisBall. Dagen vert avslutta med ein yogatime med Johanne Melkevoll frå Nordfjord Yoga.

Vi hadde det veldig kjekt i fjor, og satser på at det blir like kjekt i år, er den klare meldinga frå BasisBallgjengen i Vikane Idrettslag.