Haukeland universitetssjukehus går til gult beredskapsnivå.Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Haukeland går til gult beredskapsnivå: – Vi er i ein krevjande situasjon

På grunn av smitteauke og mange RS-sjuke barn går Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus over i gult beredskapsnivå.

Koronasituasjonen, mange RS-sjuke barn og generelt stor straum av pasientar og høgt sjukefråvær er årsakene til at sjukehusa no hevar beredskapen.

Det opplyser administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen i ei pressemelding tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gult nivå betyr at situasjonen vi no står i, må bli handtert med utvida innsats og eventuelt med ekstraordinære ressursar og tiltak, seier Hansen.

Han seier teoriane deira tyder på at dei kan få opp mot 40 innlagde covid-sjuke dei neste to vekene.

– Vi vil fortløpande vurdere om vi må gå opp eit trinn i pandemiplanen vår, slik at vi etablerer eigne pandemipostar, omdisponerer personell og går ytterlegare ned på planlagd aktivitet.

– Vi jobbar for å sikre gjennomstrøyming i pasientbehandling. Men det er eit tiltak som kan komme, seier Hansen til Bergensavisen om å eventuelt redusere kirurgisk aktivitet.

(©NPK)