Hasjtørke har ført til at fleire vil dyrke kannabis sjølveIllustrasjonsfoto: Sara Johannessen/NTB scanpix/NPK.

Hasjtørke fører til auke i heimedyrking

Politiet er urolege for den store auken i kortreist kannabis, etter at koronakrisa har ført til at fleire dyrkar hasj heime, i mangel på andre tilbod.

Politiet har i vår sett ein markant auke i talet på beslag av hasjfrø i posten sidan starten på koronakrisa.

– Vi snakkar om ei 10–20-dobling av talet på beslag av kannabisfrø, seier kontorsjef ved Austlandsterminalen Lars Teigen til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hasjtørken har ført til at fleire vil dyrke sjølve, fortel seksjonsleiar Svein Olav Grini i Søraust politidistrikt til NRK, og fryktar at ein berre ser toppen av isfjellet. Grini får støtte frå professor i kriminologi, Sveinung Sandberg.

– Eg vil tru at det er naturleg at det er ein auke. Folk prøver å dyrke sjølve når det er vanskeleg å få tak i andre stader, seier Sandberg.

(©NPK)