Hallvard Viken er skuffa over at kampen for å bevare Vikenhuset er tapt.

– Har vore ærerikt å kjempe for dette kulturminnet

– Eg vil takke dei mange i Jølster og kring i heile landet som har støtta oss i arbeidet med å ta vare på kulturminnet Vikenhuset for ettertida, seier Hallvard Viken i Vikenhusets vener.

Saman med Jarle Helgheim og Marit Hartvedt har Viken vore frontfigur i veneforeininga som i fleire år har kjempa for at Vikenhuset skulle bevarast. Måndag vart det definitivt klart at kampen er tapt.

– To fantastiske gåvepakkar

– Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane fortener ei særleg takk. Dei har vist eit utruleg engasjement og tilbydd kommunen to fantastiske gåvepakkar som politikarane valde å seie nei til. Eg veit folk utanfor Jølster ristar på hovudet over at det kunne skje, seier Hallvard Viken og viser til tilbodet Fortidsminneforeininga har kome med om å ta over og ruste opp både Vikenhuset og det freda Midttunet i Sanddalen.

Arbeidet Vikenhusets vener har lagt ned for å ta vare på bygningen fleire offentlege instansar har karakterisert som verneverdig, har provosert mange i Jølster. Det skjøner Viken lite av.

– Vi har opptredd på ein ryddig måte heile tida, ingen kan kritisere oss for noko anna. Dei som gjer det, bør gå i seg sjølve og vurdere sine eigne haldningar, seier han.

Les meir i papirutgåva onsdag.