Dagleg leiar Frode Lindvik fortel om eit svært godt år for Strukturplast der omsetninga er auka med 50 prosent.

Har utvida arbeidsstokken med ti tilsette sidan april

– Vi har hatt ei fantastisk utvikling, seier dagleg leiar i Strukturplast, Frode Lindvik.


Verksemda har fått ti nye tilsette sidan april, og årsomsetninga veks med 19 mill. kroner.


Frode Lindvik kan sjå tilbake på eit spennande og veldig godt år for Strukturplast. I april orienterte han Gloppen formannskap om framtida i samband med at Gloppen kommune skal reise ein industrihall med kontor verksemda skal leige.

Må justere opp

– Vi har akutt behov for meir plass. Då lova eg politikarane 15 nye arbeidsplassar innan 2020, men allereie no, etter ni månader, har vi auka arbeidsstokken med ti nye tilsette, fortel Frode Lindvik. Han ser ikkje vekk frå at han må justere opp talet han gav politikarane. Alt i dag annonserer bedrifta etter fleire medarbeidarar. For å løyse den prekære plassmangelen har dei leigd 640 kvm i bygget til entreprenør Olav Hjelmeset (tidlegare Maskebygget).

– Det er fantastisk. Vi har hatt ei veldig god utvikling. No har vi 43 tilsette på lønningslista. Veksten har kome i «alle retningar», seier Lindvik. Han viser m.a. til to svært gode prosjekt innan off-shore og innan oppdrettsnæringa.

– Snart skal vi også starte delproduksjon for Ekornes Møbelfabrikk, fortel Frode Lindvik.

Til Gjøvik

Strukturplast har fram til no også hatt produksjon på Moelv på sju tilsette etter kjøpet av Mjøsplast for eitt år sidan.

– Vi flyttar no produksjonen ut av lokala der. Det skal skje innan årsskiftet. Vi legg halvparten av produksjonen til Mustad Næringspark på Gjøvik og den andre halvparten til Sandane. Det vil føre til fire tilsette på Gjøvik og på sikt tilføre tre nye arbeidsplassar på Sandane.

– Vi etablerer også eit utviklingskontor med industrimiljøet og NTNU på Gjøvik. Dei ønskjer å lære meir om våre materiale, fortel Frode Lindvik. Det tykkjer han er spennande og inspirerande. Strukturplast stiller produksjonsutstyr og kompetanse til disposisjon for NTNU sine studentar.

– Det er svært interessant for oss å få tilgang til den unike kompetansen Strukturplast har innan sitt fagfelt. Det passar også godt inn i vår vidare satsing på materialteknologi, seier høgskulelektor Harald Bertin Jøsendal i det siste nyhendebrevet frå Strukturplast.

50 prosent omsetningsvekst

Den daglege leiaren fortel også om ein kraftig auke i omsetninga.

– I 2016 omsette vi for 38 mill. kroner. Ved utgangen av november var vi komne oppi 53 mill. kroner, seier Lindvik og tippar årsomsetninga for 2017 vil lande rundt 57 mill. kroner. Det representerer ein vekst på 19 mill. kroner eller 50 prosent. Samtidig ser 2018 veldig lovande ut.

– Eg ventar ein vekst også i 2018. Eg tippar at omsetninga vil kome opp i rundt 70 mill. kroner, seier han.

Rekneskapen vil ikkje vere ferdig på lenge, men Lindvik trur Strukturplast vil kome ut med eit overskot på eit par millionar kroner.  Med bakgrunn i store utviklingskostnader og kostnader knytt til den kraftige veksten, er han tilfreds med det.

Forskingsprosjekt

Strukturplast har t.d. investert i ein ny maskin til produksjon av skap og skal investere i ein robot for å automatisere produksjonen.

– På sikt vil det kome fleire robotar, spår Lindvik.

Fredag før jul fekk Strukturplast vite at dei er ei av 19 bedrifter som får midlar frå forskingsrådet. Strukturplast sitt forskingsprosjekt er å utvikle eit nytt polyuretanmaterial med eigenskapar som motvirkar groe på platsprodukt. Forskingsprosjektet har eit budsjettet er på 24,6 mill. kroner og skal gå over tre år. Samarbeidspartnarar er forskingsmiljø og aktuelle leverandørar og kundar.

– Dermed har vi hamna blant dei mest innovative industrimiljøa i landet, seier Frode Lindvik. Ein konsekvens er at Strukturplast dermed blir med i trainee-ordninga til Framtidsfylket der fire bedrifter i Gloppen er med frå før. Det er Gloppen kommune, SFE og Melin Medical.