Ingrid Alpen (til venstre) og Ane-Mathea Alfredsen Førde har sett nærare på borddekkingstrendar i ulike tiår.

Har studert duk og dekka bord




For elevane på linja for Interiør og utstillingsdesign er det å ete frukost eller middag litt annleis no enn for nokre veker sidan.

- Spesielt viss eg er på besøk med nokon så kan eg bli sitjande og gruble litt på når den koppen eller fatet vart laga, og korleis det såg ut på bordet elles i den perioden, seier Ane-Mathea Alfredsen Førde.

Saman med dei åtte medelevane i klassa på Eid vidaregåande er ho i innspurten på å lage klar si første museumsutstilling. Den handlar om borddekking gjennom tidene - eit tema elevane sjølve valde å granske nærare. Utstillinga opnar onsdag 21. mars og er eit samarbeid med Nordfjord Folkemuseum.

Elevane har regi på kva som skal stillast ut og korleis ting skal vere. Museet bidreg med gode råd, lokale og ein del av gjenstandane.

- Det var kjekt å kikke på det museet har i magasina sine. Då fekk vi inspirasjon og idear til korleis vi kunne løyse denne oppgåva. Og så er det ekstra kjekt å lage noko på ekte og ikkje berre late som vi lagar ei utstilling, som kanskje berre vi og nokre få andre får sjå, seier Ingrid Alpen.

Nyttig og viktig samarbeid
Det er tredje gong interiørlinja og museet samarbeider om ei utstilling. For elevane er det ein sjanse til å få prøve seg i yrket som utstillingsdesignar, men også museet tek med seg gode erfaringar.

- Når unge og kreative sjeler får utfalde seg med gjenstandane våre så ser dei gjerne tinga og omgjevnadane våre på ein annan måte. Det er alltid spanande, seier formidlingsleiar ved museet, Eva Marie Felde.

Samarbeidet mellom skulen og museet har blitt utvida for kvar utstilling. For museet er det også ei målsetjing å nå ut til fleire og nye målgrupper med utstillingane, og samarbeidet med Eid vidaregåande skule er eit ledd i dette. Museet håpar elevane får auga opp for at museum kan vere aktuelle og interessante arbeidsplassar med tida.


Formidlingsleiar Eva Marie Felde, foto: Guro Høyvik SFF.

- Når dei kjem hit får dei sjå bak kulissane i mykje større grad enn andre. I og med at vi lagar ei felles utstilling så blir dei sjølvsagt også møtte krava vi set for oss sjølve. Ofte tenkjer ein større og ein vil meir enn det som let seg gjennomføre i praksis. Samstundes må vi setje sikring av gjenstandane i høgsetet, og dette er tankar som kan vere nye for elevane, utdjupar Felde.

Alt frå hornskeier og trefat til koppar og fat med blomstrande retromønster blir å sjå på utstillinga som opnar onsdag 21.mars på Nordfjord Folkemuseum.

- Vi trur vi klarer å vise utviklinga av bordedekkinga frå 1800-talet og heilt fram til i dag. Mykje har endra seg, mange trendar har kome og gått – og nokre har kanskje nett kome tilbake igjen. Vi håpar gjenstandane vil vekkje minner for både unge og gamle, seier Ane- Mathea Alfredsen Førde.