Har sendt ut varsel om flaum- og jordskredfare

NVE har sendt ut gult varsel for flaum- og jordskredfare på Nordvestlandet. Varselet gjeld frå onsdag morgon til fredag morgon.

Enkelte store hendingar kan førekome. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde.

Det er venta opp mot 100 mm nedbør på 24 timar frå onsdag kveld, og 50–70 mm på 12 timar frå torsdag morgon.

Under 1800–2000 meter over havet er nedbøren venta som regn. Nedbørsmengda vil variere, og skredfaren vil vere størst der den kraftigaste nedbøren kjem.