Inga Marte Thorkildsen og SV-bussen besøkte Gloppen og lokallaget her søndag, og fekk møte mellom andre fylkesleiar i SV, Hege Lothe, og sonen hennar.

Har levert 500 vogntog med stein til Bybanen

Nordfjord Skifer vart etablert på Sagefloten for 13 år sidan. Då var noverande eigar Sverre Anton Sunde den einaste tilsette. I dag sysselset verksemda seks personar. Dei har rikeleg å gjere.

Nordfjord Skifer leverte all murestein langs Bybanen på strekninga frå Nesttun til Lagunen. Det gjekk med rundt 500 vogntog-lass som kvart er på 30 tonn. Alt saman er sprengt ut på Sagefloten. Nordfjord Skifer vann anbodskonkurransen mot to av dei største i landet som hadde slått seg saman for å ta oppdraget.

– Vi greidde oppdraget til rett tid, og leverte stein av god kvalitet, seier Sverre Anton Sunde tilfreds. Nettopp sikker levering til avtalt tid, og kvalitet er Nordfjord Skifer sitt rykte.

– Vi har også fått ei strekning til på Bybanen mot Flesland. Kor stor denne ordren vert er førebels ikkje klart. Oppstart på leveransane skjer i månadsskiftet oktober/november.

Meir om Nordfjord Skifer i onsdagsavisa.

Nordfjord Skifer vart etablert i 2000 med ein tilsett. I dag sysselset verksemda seks personar.