Steffen Sandene føler seg urettvist framstilt som ein vanskeleg grunneigar. Han meiner Gloppen kommune har fått eit godt tilbod.

Har ikkje meir å gje på pris

– Vi meiner Gloppen kommune har fått eit svært gunstig pristilbod, seier grunneigar Steffen Sandene. Han kan dokumentere prisar på over 700 kr pr rutemeter i sentrumsnære område.

Då formannskapet handsama denne saka, uttrykte nytilsett rådmann Jan Kåre Fure at dette er blitt ei lei sak. Han kunne ikkje tilrå avtalen den førre rådmannen hadde framforhandla med Steffen Sandene om kompensasjon for arealet som går med når Åsavegen skal knytast til f.v 615 i Selvågane.

Ikkje klarert

Årsakene til at Fure ikkje kunne tilrå avtalen, var for det første at ho ikkje var politisk klarert. Dessutan var tomteprisen sett altfor høgt, og kommunen hadde droppa refusjonskravet for opparbeidinga av området når det blir selt tomter.

Også grunneigaren synest det er blitt ei lei sak. Han kjenner seg urettvist framstilt som ein vanskeleg grunneigar.

– Først av alt: Det er ikkje vår skuld at saka har drege ut. Vi har gjennom advokaten vår fleire gonger purra på for å få fortgang i saka, og vi har ingenting i mot at denne vegen kjem, slår Sandene fast. Han har lenge hatt planar om å bruke det aktuelle området i Selvågane til eit bustadfelt.

Dei flottaste tomtene

Men samanbindingsvegen er teikna slik at han går rett over dei flottaste tomtene i det aktuelle området.

– Det har vi heller aldri sagt noko om, men då må kommunen forstå at vi ønskjer ein betre pris for det mest verdfulle området, seier Steffen Sandene. Dersom vegen hadde vore lagt litt lenger sør, til eit mindre attraktivt område for bustadbygging, ville ein lågare pris blitt akseptert.

Om lag 2,8 mål i området er etter Sandene si meining særleg attraktivt tomteareal, både solrikt, sentrumsnært og lett å opparbeide.

 

Les heile saka i papirutgåva fredag.